Digitale media og internett brukast i dagens samfunn i alle kontekstar. I privatlivet, på skulen, i arbeidssamanheng, i politikk, i underhaldning etc. Desse forandringane er drevne fram av tekniske, samfunnsmessinge og kulturelle krefter. Kurset digital kultur handlar om dei digitale media sine uttrykk og sætrekk. Også om sampspelet mellom drivkreftene bak utviklinga, og ikkje minst om media – og internett sine verknadar i samfunnet.
For å forstå den digitale kulturen er det lurt å blant anna sjå på historia om hypertekst:
Over ein periode på om lag 60 år har hypertekst gått frå idé til global realisering. Denne perioden kan delast inn i tre fasar: Idéfasen, eksperimentfasen og realiseringsfasen.
- Idéfasen: Frå 1940 og utover. I denne fasen ser vi visjonane om hyperteksten slik vi ser dei i Bush sine arbeid. Hypertekst, eller meir ikkje-hierarkisk og ikkje-sekvensiell organisering og kopling av informasjon, er kun ein visjon. Teknologien strekk ikkje til for å realisere visjonane.
- Eksperimentfasen: Engelbart og Nelson i spissen. Dei utvikla både visjonar og praktiske forsøk med hypertekst. Dei store visjonane står sentralt samtidig som dei naudsynte midlane disponerast som skal til for realisering. Aktørane i denne fasen er i stand til å velje rett teknologi, og samtidig korleis den formast og vidareutviklast for å oppnå konkrete resultat. I denne fasen får fenomenet kun begrensa utbreiing på grunn av mangel på felles plattform.
- Realiseringsfasen: Tim Berners-Lee gjekk inn for eit globalt hypertekstssystem basert på TCP/IP-standarden. Han utvikla eit eige språk, html, til å beskrive utsjånaden, URL til adressering av web-sider og ein protokoll for overføring av dokument (http). WWW vart demonstrert offentleg for første gong i 1991, og vart raskt det dominerande hypertekstsystemet.
To namn som står sentralt i faget digital kultur: Charles Babbage og Alan Turing
Charles Babbage fann opp ei automatisk mekanisk reknemaskin, The Analytical Engine. Denne var baser på dagens datamaskiner i og med at den for eksempel skulle benytte seg av internt minne. (Men på grunn av den tids begrensningar vart den ikkje fullført.) Babbage kombinerte den franske evna til å analysere og organisere med den engelske dampkrafta. Han starta arbeidet sitt med realiseringa av ”Difference Engine”, men den vart aldri fullført pga. pengemangel og krangel med ingeniørane. Alan Turing utvikla idéen om ei generell datamaskin: Turingmaskina, og det var då grunnlaget for den moderne datamaskina vart lagt. Denne maskina tok opp Babbage si løysing med minnefunksjon. Turingmaskina bestod av eit band med sekvensar av enkle teikn som passerer eit lesehovud. Denne maskina hadde fire forskjellige spesialitetar, som var dei grunnelementa i den moderne digitale datamaskina: Sekvensielt bevege bandet eit felt av gongen, skrive eit teikn i eit felt, slette eit teikn, eller stoppe: Lagring, preging og sletting av teikn. Turing var også sentral i arbeidet med kryptologi og dekoding av den tyske telegramtrafikken under 2. Verdskrig. Med dette arbeidet kom han til å lage ei kodeknekkande datamaskin, Colossus, som vart teken i bruk i 1943. Colossus var i grunn skapt for å utføre ei oppgåve, dekoding av krypterte millitære meldingar.
ARPANETT – Starten på internett
Opprinneleg var ARPANETT eit delt computernettverk for vitenskapsmenn og forskarar. Allereie andre året viste det seg at brukarane hadde forvandla det delte nettverket til eit elektronisk postsystem. Hovudtrafikken var snart nyhender og personlege meldingar. I 1969 var det fire nodar i det som vart kalla ARPANETT. I 1971 var det 15 nodar, og i 1972 32 nodar. I motsetning til andre computer-nettverk, kunne ARPA-nettverket innehalde mange ulike typar maskiner. ARPANETT: Datanettverk utikla for det amerikanske forsvaret Advanced Research Project Agency. ARPANETT introduserte TCP/IP-protokollane som etterkvart danna grunnlaget for Internett. TCP: Transmission Control Protocol: konventerer meldingar til straumar av pakkar ved kilda og gjenoppbyggjer dei til meldingar ved destinasjonen. IP: Internet Protocol: tek seg av adresseringa, og ser til at pakkane vert routed gjennom nettverka.

I tillegg til denne historia er digital kultur så mykje, mykje meir. Vi kan snakke om digitale dokumentformer og sjangrar, om samansette tekstar, digital kunst – og digitale spel, virituelle felleskap, vi kan også snakke om ein form for digital organisasjon.
“Kultur brukes spesielt for å betegne menneskelig aktivitet i samfunnet, til forskjell fra for eksempel natur. Kultur, i denne sammenhengen, er resultatene og oppnåelsene av en periodes, et samfunns eller en gruppes samlede åndelige og materielle virksomhet (på et visst trinn, og som befolkningen oppfatter som felleseie), ofte særlig om vitenskap, opplysning, kunst, litteratur eller religion. Kultur er også til en viss grad holdninger, verdier og normer som er rådende hos en viss gruppe mennesker eller en organisasjon.” (wikipedia) – Vi kan tenkje oss at denne definisjonen med eit digitalisert uttrykk kan vere definisjonen på digital kultur.
Kurset på Bjørknes definerer digital kultur slik:
“Dette emnet utforsker møtet mellom ny teknologi og samtidens kultur. Det vil gi en forståelse av måten ny teknologi har endret måten vi omgås, kommuniserer og opplever verden på. Fokus vil ligge på noen bestemte teknologier (Internett, dataspill, SMS-teksting, virituelle virkelighetssystemer og kyborgteknologier) forstått innenfor deres historiske, sosiale, filosofiske og estetiske kontekst. Internetts historie og teorier omkring Internett er en del av emnet. Det vektlegger også forbindelsen mellom teoretiske og praktiske ferdigheter.”
Faget har hatt følgjande læremål:
- kunne beskrive historiske, kulturelle og estetiske aspekter ved digital kultur
- kunne beskrive utviklingen av ”kyberteknologier” og drøfte konsekvensene av dem
- kunne drøfte aktuelle teorier i forhold til digital kultur
- kunne drøfte konsekvensene av de nye mediene innenfor bestemte område
Hovedmomenter:
- en oversikt over historien til de nye mediene
- utforskning og analyse av aktuelle teorier omkring digital kultur
- analyse av de nye estetiske mulighetene digitale medier
- gir historiske, sosiale, filosofiske og estetiske aspekter ved den digitale kulturen
I min blogg har eg valt ut emner som eg meiner er interessante, og eit av innlegga er også ein gjennomgong av pensumlitteratur i eksamensform. Bloggane skal dekke læremåla med hovudmomenta nokså jamt. Det er ikkje tvil om at eg har lært mykje i dette faget, og det går stadig opp for meg at det fins mykje ute i verda eg absolutt ikkje visste eg interesserte meg for. Digital kunst har vore eit av emna eg har fordjupa meg i, noko som var svært interessant.
Då gjenstår det berre å takke for meg, og håpar du som stikk innom i etterkant av denne produksjonen også får nytte av innhaldet her inne. PEACE OUT, from Birgit – med dei digitale brillene på.





<- Screenshot av eit nyare UNIX-system



(1925-)
(1937-)
Norbert Wiener



Alan Turing
