Kva er cyberspace?
Cyberspace er begreptet som vert brukt om sjølve internett. Definisjonen cyberspace kjem frå boka Neuromancer av William Gibson. Gibson definerte cyberspace som ei verd av samankopla datasystem. No brukar vi definisjonen om det fysiske nettet og den tenkte verda. For eksempel at vi sender og lastar ned filer frå nettet (det fysiske nettet) og ein møtast på nettet (den tenkte verda).
Neil Postman om cyberspace i 1995:
Norbert Wiener definerte ordet cybernetics i boka han skreiv, “Cybernetics” slik: “Control and Communication in the Animal and the Machine”. Med dette meinte han at verda kunne beskrivast med begrep som informasjon og logikk snarare enn energi og materie. På norsk heiter det kybernitikk. Kybernetikk kan nermast definerast som læra om dei regulerande og sjølvregulerande mekanismane i naturen og teknikken. Ein reguleringsmekanisme arbeider etter eit såkalt program, dvs. ei forskrift som påleggast, og den gjev ein bestemt verknad. Ei vannkran er ein enkel reguleringsmekanisme. Ein sjølvregulerande mekanisme brukast i alminnelegheit til å halde en bestemt størrelse eller virkning konstant, f.eks. vannstanden i et badekarkar, temperaturen i en beholder, turtallet på en elektrisk generator osv. I naturen førekjem sjølvregulerande mekanismer f.eks. ved den automatiske reguleringa av blodtemperaturen. Wieners idé er at alt dette følgjer visse felles lover, og at det difor matematisk kan behandlast analogt. Medan reguleringa er nøyaktig gjennomført i naturen, så er det mennesklege samfunnet for tida i en tilstand der regulering manglar eller har lite verknad. Wiener meiner at ei utvikling av kybernetikken óg vil medføre at denne vitenskapen kan brukast på det økonomiske og politiske plan. Ein del av det matematiske grunnlaget for kybernetikken fins i infomasjonsteorien. Anvendt i samfunnsvitenskapen vert kybernetikk brukt om samverkande forhold innen større sosiale enheiter (organisasjoner, lokalsamfunn, storsamtunnet m.m.). Som begrep i samfunnsvitenskapelig teori beteikner kybernetikk dei kontrollmekanismane og den kommunikasjonen som er naudsynt for at det sosiale system skal fungere. Kybernetikk eller systemteori har styrken si i at ein understreker vekselvirkninga mellom to aktørar eller deler av systemet. Ein impuls som starter i en del, returnerer til opphavet etter å ha vorte omdanna gjennom ei rekke delprosessar i systemet sitt andre ledd.

Typical State Space model with feedback
The Matrix
«The Matrix» er ei virtuell verd som alle menneske vert heldt til fange i, utan å vite det. Dette gjenspeiler Platons lignelse med mennene i hula. Platon si likning går ut på at om ein mann har levd heile sitt liv nede i ei hole, lenka, og kun har skuggar å sjå på veggen foran seg – kva ville han då kalla dette han såg på veggen? Svaret er «verkeligheita», og det er slikt filmen The Matrix spelar på, «kva om virkeligheita ikkje er verkeleg?»
Stikkord: cyberspace, digital kultur, kybernitikk, neil postman, norbert wiener, the matrix
februar 4, 2009 ved 7:43 pm |
Do sa osso wiener!! ;P